Administrasjon

I bygginga av nye Volda kommune har det blitt rigga ein prosjektorganisasjon. Den øvste administrative ansvaret ligg hjå Styringsgruppa.

Prosjektleiar Rune Sjurgard vedtok rett før påsketider 2018 ein overordna organisasjonstruktur for den nye kommunen.

Endelege organisasjonskart ute i dei ulike sektorane vert gjort gjennom sektorprosessane i alle dei nye sektorane.

I prosjektorganisasjonen har det vorte tilsett følgjande personar:

  • Kommunikasjonsrådgjevar
  • Prosessleiar for digitalisering
  • Arkivkonsulent

Denne gruppa er sett saman av rådmennene i begge dei to kommunene, assisterande rådmann i Volda og to hovudtillitsvalde (ein frå kvar kommune).

Styringsgruppa er det øvste administrative organet i samanslåingsprosessen, og skal gjennomføre eit kartleggingsarbeid med tanke på kommunale tenester i dei to kommunane, IKT-utstyr, behov for endringar, inngåtte avtalar, osv.

Siste nytt frå Styringsgruppa

Etter vedtak i fellesnemnda 20. juni vil også Sjurgard bli rådmannen i den nye kommunen frå 01.01.2020.

Noverande rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, vil bli assisterande rådmann i den nye kommunen.

Les prosjektleiarens nyheitsbrev

I tillegg fungerer kommunikasjonsrådgjevaren som sekretær for fellesnemnda.

For å syte for framdrifta av digitalisering i nye Volda, samt harmonisering av IKT-verktøy i den nye kommunen er det tilsett ein prosessleiar for digitalisering.

Dette er Paul Ottar Tornes, som vart tilsett mars 2018. 

Digitalisering er eitt av dei tre satsingsområda til nye Volda kommune, og står derfor høgt på agendaen til prosjektleiar og rådmann Rune Sjurgard.

Du kan lese meir om digitaliseringsprosessane her!

I kartleggingsfasen vart det sett ned 15 arbeidsgrupper tidleg på vinteren etter kommunestyrevedtaket om samanslåinga.

Desse gruppene leverte i juni 2017 kartleggingsrapportar til den administrative styringsgruppa.

Dette vart samla til ein samlerapport for oversiktleg gjennomlesing.