Leiargruppa for nye Volda

Rett før påske i 2018, vedtok rådmannen den overordna organiseringa av nye Volda kommune.

Denne organiseringa delte kommunen inn i tre sektorar, i tillegg til to avdelingar innan for stab- og støttefunksjonar.

Leiarar/sjefar for desse sektorane og avdelingane vil så utgjere rådmannens leiargruppe i den nye kommeunen

Følgjande personar er innplasserte i stillingane:

  • Rådmann: Rune Sjurgard
  • Ass. rådmann: Ann Kristin Langeland
  • Kommunalsjef helse og omsorg: Svein Berg-Rusten
  • Kommunalsjef oppvekst: Per Ivar Kongsvik
  • Kommunalsjef samfunnsutvikling: Jarl-Martin Møller (frå 01.01.2019)
  • Personalsjef: Berit Lyngstad
  • Økonomisjef: Kari Mette Sundgot
Dette er leiarteamet for den nye kommunen. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller, vart ikkje tilsett då biletet vart tatt.