Leiargruppa for nye Volda

Leiargruppa i nye Volda i eit møte
Dette er leiarteamet for den nye kommunen. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller, vart ikkje tilsett då biletet vart tatt.

Rett før påske i 2018, vedtok rådmannen den overordna organiseringa av nye Volda kommune.

Denne organiseringa synte at det ville vere tre sektorar i den nye kommunen, i tillegg til rådmannens stab og avdelingar innanfor økonomi og personal.

Kommunalsjefane for desse sektorane og for dei to avdelingane vil utgjere rådmannens leiargruppe i den nye kommeunen. I alt sju personar, inkludert rådmannen.

Nye Volda si leiargruppe

  • Rådmann: Rune Sjurgard
  • Ass. rådmann: Ann Kristin Langeland
  • Kommunalsjef helse og omsorg: Svein Berg-Rusten
  • Kommunalsjef oppvekst: Per Ivar Kongsvik
  • Kommunalsjef samfunnsutvikling: Jarl-Martin Møller (frå 01.01.2019)
  • Personalsjef: Berit Lyngstad
  • Økonomisjef: Kari Mette Sundgot