Agenda Kaupang: – Veldig mykje bra

Konsulentfirma med gjennomgang av helse- og omsorgstenester i Hornindal og Volda.

Korleis er helse og omsorgstenestene i Hornindal og Volda i dag? Dette var spørsmålet ein ønskte å vite meir om då tilsette i denne sektoren var samla på Samfunnshuset i Volda i førre veke.

Tidlegare i år vart det bestilt ei analyse frå Agenda Kaupang, eit konsulentfirma som med nøytrale auge skulle analysere og kartlegge dei to kommunene sin «no-status» innanfor helse og omsorg.

– Vi har sett gjennom offentlege dokument, gått gjennom rekneskapen, sett korleis pengane vert brukt i desse tenestene og også snakka med brukarar korleis dei opplever tenestene, seier prosjektleiar i Agenda Kaupang, Eilin Ekeland.

Mykje bra

– Det er veldig mykje bra i dei to kommunane. Vi ser likevel at dei har litt ulik profil. Tenestene er innreia litt ulikt, med ulike styrker og svakheiter, legg Ekeland til.

I bygginga av ny kommune, er ho klar på kva ein bør vere merksame på:

– Når ein skal inn i ny kommune skal ein, uansett kvar ein kjem frå, skal ein framleis få dei same tenestene. Men ein kan ikkje ta med seg dei dyraste teneste frå begge kommunar. Det er ikkje økonomisk berekraftig, påpeikar Ekeland.

Komande kommunalsjef for helse- og omsorg, Svein Berg-Rusten, føler denne samlinga var nyttig, og at ein har fått stadfesta ein god del ting som ein hadde rekna med på førehand. Dette kjem godt med når den nye sektoren for helse og omsorg skal organiserast vidare fram mot 2020.

Må bruke pengane klokt

I Agenda Kaupangs vurdering, er det viktig i ein samanslåingsprosess at den nye kommunen brukar pengane sine klokt når to organisasjonar skal slåast saman til éin.

– Overordna, for å gi innbyggjarane dei beste teneste dei kan få, må man bruke pengane klokast mogeleg. For å gjere det så tenker vi at det er best å ha gode tenester lågt i «omsorgstrappa», altså at ein institusjonsplass ikkje er den første løysinga.

– Dette er den dyraste løysinga og det er også få som ønskjer dette. Å ha gode tenester som å vere trygg i sin eigen heim, få rehabilitering og få førebyggande tiltak er kjempeviktig både av omsyn til innbyggjarane sin trivsel og livskvalitet samt kommunens økonomi, påpeikar Ekeland.

DISKUSJON: Tilsette frå Hornindal og Volda drøftar kva dei to kommunane er gode på innanfor helse- og omsorgstenester.