Analyserte omorganiseringa av helse- og omsorgsektoren

Styrker og trugslar i omorganiseringa av helse- og omsorgssektoren vart diskutert.

Denne samlinga vart heldt på samfunnshuset i Volda, der einingsleiarar, hovudtillitsvalde og hovudverneomboda i Hornindal og Volda var med.

Komande kommunalsjef innanfor den nye Helse- og omsorgssektoren, Svein Berg-Rusten, heldt først ei innleiing før det vart delte inn i kommunevise grupper for administrasjon – samt at dei tillitsvalde og hovudverneomboda i kvar kommune var eigne grupper.

I desse gruppene vart det så gjort ei SWOT-analyse, der ein ser på styrker og svakheiter, mogelegheiter og trugslar slik sektorane i dei to kommunane er i dag.

– Her vart det sett på kva vi har i dag, kva som er styrkene og svakheitene våre slik vi har det i høvesvis Hornindal og Volda. Det vart også sett på kva mogelegheiter vi har til å ta med oss vidare det vi vil vidareføre, og ikkje minst kva vi har i dag som vi må gjere noko med, seier Berg-Rusten.

Blanda gruppene

Etter denne runda, miksa ein gruppene saman der dei administrativt tilsette og dei tillitsvalde/hovudverneomboda vart blanda saman i fem ulike grupper.

I desse gruppene tok ein med seg det ein hadde diskutert i SWOT-analysen og såg framover på korleis ein ser føre seg ei felles helse- og omsorgsteneste i ny kommune.

– Det var enormt spanande og kjekt å sjå engasjementet og kreativiteten av å tenkje løysingar framover. Eg sit med eit inntrykk av at folk klarte å frigjere seg frå kva «eg» gjer i dag og kva «eg» vil gjere i framtida og tenkje gode, faglege løysingar – på funksjonane, seier Berg-Rusten.

Fire grunnpilarar

Berg-Rusten opplever gruppa som sameint, og samtlege grupper såg føre seg å krympe ned talet på tenesteeiningar i ny kommune.

Hornindal er i dag delt med ei helseteneste og ei pleie- og omsorgsteneste. I helse- og omsorg i Volda er det i dag ni einingar, men dei fleste såg føre seg ei omorganisering til 4-5 og heilt ned i 2 einingar frå 2020.

– Eg synest deltakarane responderte flott på oppdraget med å tenke at framtidig organisering skal byggast på dei fire grunnpilarane; strategisk utvikling, meistringsklima, handlekraftig og samordning av det komplekse, seier kommunalsjefen, og legg til:

– Vi vil skape ein organisasjon som gjer oss handlekraftige til å levere dei tenestene det er forventa av oss. 

Større samling før jul

Resultatet av denne samlinga er at ressursgruppa for sektorprosessen vert kalla inn, der resultata frå denne samlinga skal gåast gjennom.

Dette skal danne grunnlag for eit utkast som ei utvida gruppe, som også inkluderer teamleiarar og plasstillitsvalde, skal bli involverte i og få høve til å meine noko om.

Før jul tenkjer Berg-Rusten å kalle inn denne utvidagruppa som, på bakgrunn av dette utkastet, gjennom gruppearbeid kan kome med ytterlegare innspel i utforminga av den framtidige organiseringa.