Arbeidsgivaravgift etter samanslåinga

Mann og dame i intervjusituasjon

Kva betyr kommunesamanslåinga for arbeidsgivaravgifta i Hornindal og Volda?

Ved utgangen av inneverande år er det mange kommunar som skal slå seg saman til nye kommunar. Nokre av desse kommunane har ulike satsar for arbeidsgjevaravgift.

Dette er også tilfelle i Hornindal og Volda, der Hornindal er i sone 2 (10,6 %) og Volda er i sone 1 (14,1 %).

Korleis vil dette vere frå 2020 av, etter at «nye» Volda er etablert?

I kommuneproposisjonen for 2016, vart det gjort klart at i dei kommunane som vert slått saman så vil satsane for arbeidsgjevaravgift bli vidareført innanfor dei gamle kommunegrensene fram til neste revisjon.

Denne revisjonen vil finne stad 1. januar 2021.

Med andre ord vil den geografiske inndelinga av avgiftsnivået, som var godkjent av EFTA sitt overvåkingsorgan (ESA) for perioden 2014-2020, vere uendra i år 2020.

Ingen føretak får derfor høgare eller lågare arbeidsgjevaravgift som følgje av kommunesamanslåinga fram til neste revisjon.

Redusert og differensiert avgift

Ved spørsmål om soneplassering i neste revisjon vil alle samanslegne kommunar i ein ny kommune bli handsama som éin kommune. Det gjeld også sone 1a (med redusert arbeidsgiveravgift inntil taket for bagatellmessig stønad er nådd).

Dersom ordninga med differensiert arbeidsgiveravgift ser annleis ut i 2021, og den enkelte kommune får høgare arbeidsgiveravgift då, kan regjeringa vurdere kompensasjon i form av ei overgangsordning for området som blir omfatta.

Meir om differensiert arbeidsgjevaravgift kan du lese på Regjeringa si heimeside.