Arbeidsplassbesøk i Hornindal

Prosjektleiaren og den nye personalsjefen vitja i dag fleire arbeidsplassar i Hornindal kommune.

For å bli endå betre kjende med tilsette i Hornindal kommune besøkte prosjektleiar for nye Volda, Rune Sjurgard, og personalsjefen for den nye kommunen, Berit Lyngstad fire ulike arbeidsstadar i Hornindal kommune i dag.

Rådmann i Hornindal og komande ass. rådmann i Nye Volda, Ann Kristin Langeland var også på arbeidsplassbesøka.

Besøket starta først ved Hornindal barnehage, der styrar Anita Olsen gav ei fin orientering og omvisning i Barnehagen.

Vidare gjekk turen til Hornindal skule. Rektor Gro Hundeide viste oss rundt om på heile skuleområdet, i tillegg til at det var mogeleg å få ein titt inn i Honndalshallen.

Ved omsorgssenteret gav Ragnhild Aa. Kalland oss ei grundig innføring i arbeidet som vert gjort, samt at vi fekk prate med fleire tilsette og ikkje minst sjå korleis bebuarane hadde det.

Til slutt runda vi av ved helsehuset, der Mary Espe viste oss rundt i lokalet, før besøket vart avslutta med ein hyggjeg lunsj saman med tilsette.

Det sette prikken over i-en på eit spanande besøk, der det vart mange gode samtalar med både leiarar, tilsette og brukarar av nokre av dei tenestene som Hornindal kommune yter i dag.

Utvalde Snapchat-bilete frå besøket:

Vil du også følgje oss på Snapchat? Klikk her for å leggje oss til!