Avduking av nye Volda sine venebenkar

Endeleg er det klart for markering og utplassering av venebenkar i Hornindal og Volda.

Det siste halvåret har Styrk Arbeid i Volda og snikkar Kjell Tvinnereim i Hornindal arbeidd med å lage to benkar, som skal setjast ut i høvesvis Hornindal og Volda.

Det er skuleelevane Ragna Hofset Kile (Folkestad skule) og Amalie Utvær Nesdal (Hornindal skule) som har designa benkane, og no er dei klare til å setjast ut i live.

Benken som har vorte produsert i Hornindal skal plasserast ut i Volda, og motsett.

Markeringane vil skje i både Hornindal og Volda.

Fredag 10. mai klokka 16:30 ved klatreparken på Grodås vil Volda-ordførar Jørgen Amdam stå for avdukinga. Elevar i åttande klasse ved Hornindalskule stiller med vaflar/sveler, saft og kaffi. Etter avdukinga kan ein også vere med på ein felles gåtur i høve verdas aktivitetsdag.

Dagen etter, laurdag 11. mai klokka 13.00, vert det ei tilsvarande markering ved rådhusparken i Volda der Hornindal sin varaordførar Randi Langlo vil stå for avdukinga av venebenken. Også ved denne markeringa vert det vaflar/sveler, saft og kaffi, og det er VTI fotball, gutar 16 som står føre serveringa.

Vi ser fram til to flotte markeringar i høvesvis Hornindal og Volda!

PS: om du treng ein ekstra påminnar, delta gjerne på vårt Facebook-arrangement 😉