Bjørke og Viddal til nye Volda

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fatta ei endeleg avgjerd i saka om grensejustering.

Tidlegare i dag, måndag, fekk ordførarane i høvesvis Ørsta og Volda ein telefon frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet, der temaet var utfallet i grensejusteringa av Bjørke og Viddal krins.

No stadfestar Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) at området vil verte grensejustert over til nye Volda kommune.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal presenterte 23. mars i år si innstilling i saka, der det vart tilrådd at Bjørke og Viddal krins skulle grensejusterast til nye Volda kommune frå 2020.

Denne innstillinga har no også KMD teke til følgje. Grunngjevinga kan du lese i KMD sitt vedtak om grensejustering.

Sidan grensejusteringa vil tre ikraft først frå og med nyttår 2020, vil Bjørke og Viddal inntil då framleis vere ein del av Ørsta kommune.