Bli betre kjent med kommunalsjef Jarl Martin

Vår nye kommunalsjef for samfunnsutvikling starta 1. januar.

Etter ni år i Sande kommune med ulike oppgåver innan for teknisk sektor, fekk Jarl Martin Møller jobb i Herøy kommune. Stillinga var retta mot GIS (geografisk informasjonssystem), før han jobba seg opp til ei kommunalsjefstilling i samfunnsutvikling i 2016.

Den 1. januar i år starta han så i tilsvarandre stilling i Nye Volda, og vil ha hovudansvaret for å ruste sektor for samfunnsutvikling slik at den er klar til ordinær drift frå 01.01.2020.

46-åringen har brukt dei første 3-4 vekene i sin nye jobb til å bli kjent med dei tilsette i det som vil bli hans nye sektor.

– I løpet av januar skal eg ha fått snakka med alle kontortilsette, og så vil eg i løpet av februar få snakka med dei som jobbar ute i feltet og tilsette i Hornindal, seier Møller, som har planlagt å ha éin kontordag i veka på Smia i samanslåingsprosessen.

– Må halde farta

I veke 5 skal han starte opp prosess med ressursgruppa som skal jobbe med sektoren, der målsettingar og framdriftsplan skal setjast.

Sidan Møller starta i jobben først i år, er det mykje å setje seg inn i med berre eitt år att til kommunen skal vere på plass.

– Min ambisjon er at vi skal ha forslaget til ny organisering i mars, slik at det er i tråd med dei andre sektorprosessane. For meg så er situasjonsbiletet ganske oversiktleg og klart, seier Møller.

På fritida er Jarl Martin leiar for Hødd handball, og har derfor høgt tempo også på heimebane. Det tempoet vil han også ta med seg inn i jobben.

– Det er to ting som vert veldig viktige i arbeidet framover. Det eine er at vi må halde farta i sektorprosessen. Hovudorganisasjonen, den overordna, må på plass så raskt som råd slik at vi kan begynne med innhaldet, påpeikar Møller.

– Og så vi har eit fokus på alt som  vere ferdig før 2020. Mellom anna må vi ha fokus på dei avtalane som skal reforhandlast eller seiast opp.

Vil gi god informasjon

Noko Jarl Martin er oppteken av i samanslåingsprosssen, er at det skal bli gitt god og tydeleg informasjon med jamne mellomrom om kva som skjer i sektoren.

Og han set seg følgjande mål for den nye samfunnsutviklingssektoren:

– Eit mål er at dette skal gå så bra at innbyggjarane ikkje vil merke at noko har blitt endra. I tilfelle må det vere ei endring i positiv retning, slår kommunalsjefen fast.

Om du vil følgje med vidare på prosessen for samfunnsutvikling, eller nokon av dei andre sektorprosessane, kan du finne meir informasjon på desse sidene.