Bli med på vår julekalender!

Svarar du rett på nokon av spørsmåla er du med i trekninga av ein hyggjeleg premie.

Desember, og dermed jula, nærmar seg med stormskritt. For mange er juletida ei høgtid knytt til mange fine tradisjonar, og ein av tradisjonane som står sterkt er det å ha julekalenderar i heimen.

Så kvifor ikkje bli med på vår julekalender også?

Kvar dag frå 1.-24. desember vil du bli servert eitt spørsmål du kan sende inn svar på. Svarar du rett er du med i trekninga av å vinne éin av tre juleposar som inneheld noko godt å knaske på.

Dess fleire rette svar du har gjennom heile julekalenderen, dess større vert sjansane for at nettopp du vert ein av dei heldige vinnarane.

Så her det berre å sende inn svar kvar dag via skjemaet som følgjer med i dei daglege lukene!

Første luke kjem allereie førstkomande søndag, 1. desember, så ikkje gløym å følg med på vår Facebook- og nettside 🙂

Konkurransevilkår

  1. For å delta må du vere over 16 år, eller delta saman med ein føresett om du er under 16 år.
  2. Premien må hentast personleg ved anten rådhuset i Volda eller på Smia på Grodås etter avtale.
  3. Ved å delta samtykker du til at Volda kommune kan lagre persondataen du legg att medan konkurranseperioden pågår. Dataene vil så verte sletta etter konkurranseperioden er over.
  4. Ved å delta samtykker du til at namnet ditt kan publiserast på vår heimeside, dersom du skulle vere éin av vinnarane.