Blir dette det nye kommunevåpenet?

Fellesnemnda skal røyste over saka komande torsdag.

I fjor haust la temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk fram sitt forslag til nytt kommunevåpen.

Dette forslaget tok utgangspunkt i eit innsendt forslag, og som sidan då har blitt vidareutvikla for å tilfredsstille heraldiske retningslinjer.

No er det endelege, bearbeidde forslaget klar for røysting, og skal opp til handsaming i Fellesnemnda torsdag 19. april.

Dette forslaget har teke utgangspunkt i dei eksisterande kommunevåpena til høvesvis Hornindal og Volda, der pennesplitten (Voldas våpen) vert omkransa av to ljåblad (Hornindals våpen).

Denne saka skal røystast over i sak PS 15/18 på torsdag. Saksutgreiing og tilhøyrande vedlegg finn du i innkallinga: i-felles-20180419