Då er venebenkane på plass

I helga vart venebenkane i høvesvis Hornindal og Volda plasserte ut.

Sjølv om vêret ikkje spelte heilt på lag, vart det både fredag og laurdag avduking av nye Volda sine venebenkar. Dette er eit prosjekt som Temakomiteen for kulturbygging, med frivilligsentralane i spissen, har jobba med den siste tida.

Det er skuleelevane Ragna Hofset Kile (Folkestad skule) og Amalie Utvær Nesdal (Hornindal skule) som har designa benkane, og no er dei plasserte ut i den nye kommunen.

Benken som er designa og produsert i Volda er plassert ut ved klatreparken på Grodås, medan benken som er designa og produsert i Hornindal er plassert i parken ved Volda rådhus.

Vi håper at desse to flotte benkane vil verte nytta flittig framover! 😀