Dagar igjen til ny kommune: 300!

Det er ikkje lenge igjen til Hornindal og Volda er éi kommune.

Ved midnatt, natt til torsdag, var det nøyaktig 300 dagar igjen til «nye» Volda kommune vert etablert.

Men kor mykje er eigentleg 300 dagar? Her er nokre samanlikningar på kor lenge dette er:

For dei som er glade i tal

  • Ca. 25 millionar sekund
  • Ca. 430.000 minutt
  • Ca. 7.200 timar

For dei sportsinteresserte

  • Du kan sjå alle lags kampar i ein heil fotballsesong i den engelske toppdivisjonen 12 gonger
  • Frå start- til sluttdato, er det ca. like lenge som 16 verdsmeisterskap i handball
  • Om du ikkje er så glad i ballsport, kan du alternativt springe Hornindal Rundt 500 gonger

For dei reiseglade

  • Du kan køyre frå Nordkapp til Lindesnes tur-retur 100 gonger
  • Du kan reise frå Ålesund lufthamn Vigra til Melbourne Airport Victoria (Australia) tur-retur 140 gonger
  • Om du har ærend i hovudstaden, rekk du å reise tur-retur Oslo ca. 480 gonger

Om eg berre kunne….

  • Om du hadde hatt tilgang til ein månerakett, hadde du kunne reist tur-retur månen 37 gonger
  • Skulle du ønske å gå i fotspora til Forrest Gump, rekk du kanskje å springe ein firedel (6.300 km) av filmkarakterens springetur på tvers av USA (ca 24.593 km)
  • Toler du godt kulde og heller ønskje å gå Russland på tvers, rekk du nesten å gjere det fire gonger