Del dine sommarbilete frå Nye Volda!

Vi trekkjer ut heldige vinnarar av eit Nye Volda-kaffikrus.

I løpet av sommaren ønskjer vi gjerne dine blinkskot frå dei flotte og idylliske stadane rundt om i Hornindal og Volda.

Dette kan vere alt frå soloppgangar og toppturar til eit kvardagsbilete frå sommarferien din – sjølvsagt innanfor dei to kommunegrensene.

Konkurranseperioden er open frå 29. juni – 5. august, og ein kan sende så mange bilete ein ønskjer. Sjå konkurransereglar nedst i saka.

Av alle som deler sine bilete, vil vi trekkje ut nokre heldige vinnarar som får eit Nye Volda-kaffikrus!

Du kan dele dine sommarbilete på følgjande måtar:

Skriv gjerne namnet ditt og kvar du har teke biletet i meldinga, slik at vi veit kvar biletet er frå 🙂

På vegne av prosjektorganisajsonen nye Volda, ønskjer vi deg ein riktig så flott sommar!


Konkurransereglar:

Konkurranseperioden er open frå 29. juni – 5. august.

Vinnarar må sjølv hente premien sin på rådhuset i Volda eller på kommunehuset Smia på Grodås etter konkuransen vert avslutta.

Ved å delta i sommarbiletekonkurransen, samtykker du til at:

  • Vi kan gjenpublisere biletet/bileta som du lastar opp på våre medieplattformar.
  • Vi kan lagre personinformasjonen du skulle leggje att (namn, e-post, brukarnamn, etc.) til konkurransen er avslutta.
  • Vi kan gjengi namnet ditt som opphavsperson på det biletet du sender inn.
  • Vi kan kontakte deg etter endt konkurranse for informasjon om utfall av premietrekkinga.