Delte meiningar om kommunetilhøyrsle for Markane

Innbyggjarundersøkinga gir ikkje klart svar på kva kommune dei spurte ynskjer å høyre til i framtida.

Fleirtalet meiner at Kjøs grunnkrins bør tilhøyre den samanslegne kommunen mellom Hornindal og Volda, nye Volda kommune. Undersøkinga gjev likevel ikkje klart svar på kva kommune innbyggarane i Kjøs grunnkrins meiner dei bør tilhøyre.

Sjølv om 52 % svarar nye Volda mot 45 % som svarar Stryn, er denne forskjellen innanfor feilmarginane. Det er med andre ord ikkje noko signifikant forskjell mellom kva kommune innbyggarane føretrekker å høyre til.

Men det er større skilje mellom bygdene.

Heile 92 % av dei som har svart i området Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken, meiner at Kjøs grunnkrins bør høyre til Stryn kommune. I dei andre områda i krinsen er det 62 % som meiner nye Volda kommune.

Tilråding i desember

66 personar av dei som vart oppringte svarte på undersøkinga, og dette gir ein svarprosent på 87. Dei som har svart er rimeleg representative for befolkninga i området ut frå aldersfordeling og kjønn.

Fylkesmannen tek sikte på å sende tilråding til departementet i midten av desember. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek avgjerd i saka.

Utfyllande rapport frå undersøkinga kan du lese her: Rapport innbyggerundersøking grensejustering Kjøs grunnkrins

Kontaktpersonar hjå Fylkesmannen:

Anne Kristin Eitungjerde
fmsfake@fylkesmannen.no
Tlf: 57 64 31 72
Mobil: 952 81 370

Kåre Træen
fmsfktr@fylkesmannen.no
Tlf: 57 64 30 04
Mobil: 977 57 956

Saka er henta frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si nettside.

%d bloggers like this: