Delte ut iPadar og vitja det nye skulebygget

Avdelingsleiar for skule i nye Volda hadde to viktige ærend på Hornindal skule denne veka.

Tidlegare denne veka var Lene Nupen, som vert avdelingsleiar for skule i nye Volda, på besøk ved skulen i Hornindal.

Der hadde Nupen to viktige ærend; det første var å dele ut iPadar til lærarane. iPadane til elevane ligg klare og ventar berre på at nettkoplinga skal bli ferdig.

Lærarane fekk også treffe Guro Gausemel frå SSIKT (Søre Sunnmøre IKT), som har hand om mellom anna support og er første-dame på iPad.

Nupen og Gausemel fekk også ein liten førehandstitt på nyebygget ved skulen. Nupen stadfestar at det ser veldig bra ut, gjennomtenkt og smart.

– Her har vi verkeleg noko å glede oss til. Det er spanande å møte Hornindal skule, det er både likt og ulikt med skulane i Volda. «Bli kjent»-festen har akkurat starta og vi vonar vi skal få bygge vidare saman på det beste frå alle skulane våre, seier Nupen.

I tillegg til å dele ut iPadar, hadde Nupen eit planleggingsmøte saman med rektor ved Hornindal skule, Gro M. Hundeide.