Desse skal styre Volda dei neste åra

Oversikt over kommunestyret, formannskapet og dei tre tenesteutvala.

Torsdag 24. oktober hadde kommunestyret for den nye kommunen konstitueringsmøte på samfunnshuset i Volda.

Der vart det offisielt vald ordførar, varaordførar, formannskap, tenesteutval og andre råd, styrer og utval.

Sølvi Dimmen vart vald som ordførar for nye Volda, medan Sverre Leivdal vart vald som varaordførar.

Vidare vart det gjennom hemmeleg røysting avgjort at følgjande felleslister skulle få plassar i formannskapet:

  • Sp, Ap, SV, MDG, R: 5 plassar
  • H, Frp, KrF: 3 plassar
  • Volda-lista, V: 1 plass

Kven som sit i kommunestyret vart klart allereie i september, etter at alle røystene i kommunestyrevalet var telde opp.

Her er ei fullstendig oversikt over kven som sit i kommunestyret, formannskapet og i dei tre tenesteutvala.

Kommunestyret
Senterpartiet Sølvi Dimmen (ordførar), Eldar Årvik Engelund, Rebecca C. Riise Bjerknes, Hans Peter Eidseflot, Ola Perry Saure, Pål Ruben Seljeset Tomasgard, Ledvin Skjerdal
Høgre Stig Olav Lødemel, Dan Helge Bjørneset, Thore Heggen, Jan Heltne, Ivar-Otto Kristiansen, Thomas Lundberg
Arbeidarpartiet Sverre Leivdal (varaordførar), Margrete Trovåg, Magnar Sunde, Lars Alv Haugen
Sosialistisk venstreparti Cecilie Rørstad, Jan Erik Stokkeland, Silje Louise Dahl
Volda-lista Odd Arne Folkestad, Sindre Olav Kvangarsnes, Edvin Dale
Kristeleg Folkeparti Arild Johannes Iversen, Jørund Stig Knardal, Henning Holsvik
Miljøpartiet Dei Grøne Dei Grøne: Øyvind Festø, Lars Olav Drabløs
Framstegspartiet Roald Arnold Espset, Jon Georg Dale
Venstre Hallvard Bjørneset, Benedikte Holmberg
Raudt Gudrun Kløve Juuhl
Formannskapet
Namn Parti
Sølvi Dimmen, ordførar Sp
Sverre Leivdal, varaordførar Ap
Ola Perry Saure Sp
Cecilie Rørstad SV
Øyvind Festø MDG
Stig Olav Lødemel H
Dan Helge Bjørneset H
Arild Iversen KRF
Odd Arne Folkestad VOLDA
Tenesteutval oppvekst og kultur
Namn Parti
Rebecca Riise Bjerknes, leiar Sp
Kari Hasle, nestleiar SV
Margrete Trovåg Ap
Dag Aarflot Sp
Gudrun kløve Juuhl R
Sigurd Tverberg H
Heidi Berg-Rusten Grevstad H
Eiliv Halkesvik Frp
Hjalmar Eiksund V
Tenesteutval helse og omsorg
Namn Parti
Edvin Dale, leiar VOLDA
Eldar Engelund, nestleiar Sp
Magnar Sunde Ap
Astrid Gjersdal SV
Annlaug Stokke MDG
Robert Grodås H
Elin Mari Løvøy Wilhelmsen Frp
Henning Holsvik KrF
Benedikte Holmberg V

 

Tenesteutval forvaltning og utvikling
Namn Parti
Hans Peter Eidseflot, leiar Sp
Henriette Hafsaas, nestleiar MDG
Randi Langlo Ap
Anne Lise Fredly Ap
Han Erik Stokkeland SV
Petter Espe H
Camilla Gjelsvik H
Jørund Stig Knardal KrF
Sindre Kvangarsnes VOLDA