Dette skjer på digitaliseringsfronten

Prosessleiaren for digitalisering har store forventningar til «digitale Volda».

Eitt av dei tre satsingsområda i nye Volda, er digitalisering. Dette er eit omgrep som kan vere litt diffust og vanskeleg å forstå.

Paul Ottar Tornes, prosessleiar for digitalisering i nye Volda, har derfor oppsummerert kva som skjer innanfor digitalisering i dei ulike sektorane i videoen under.

Helse- og omsorg

Innanfor helse er det satt igang eit prosjekt om velferdsteknologi. Dette kan til dømes bidra til at;

  • innbyggjarar får bu lenger heime
  • få digitale alarmar
  • få digitale dørlåsar
  • fallsensorar i eigen heim

Oppvekst

Innanfor skule har både Hornindal og Volda vore langt framme tidlegare. Mellom anna har skuleelevar si eiga digitale eining.

Elevar frå 1-7. klasse har eigen iPadar, medan elevar frå 8-10. klasse har eigen Chromebook/PC.

I tillegg er vi medlemmer av nasjonale løysingar der vi kan få tilgang til digitale læremiddel og såkalla skuleadministrativt system der ein kan samhandle elektronisk i staden for via tekstmelding eller papirbrev.

Samfunnsutvikling

Innanfor samfunnsutvikling er det sett fokus på å heve grunndataene.

Det blir jobbe med å gjere ting meir digitaliserte, slik at ein til dømes kan søkje om byggjeløyve rett frå sofaen og få automatisk svar – så lenge søknaden er innanfor godkjende rammer.

Stab/støtte

Innanfor stab/støtte vert det jobba med å oppgradere løns- og økonomisystemet, samt at det vert jobba med å få på plass eit nytt saks- og arkivsystem.