Dimmen vert ordførar i nye Volda

Med 21 mot 12 røyster vart Sølvi Dimmen vald som ordførar. Sverre Leivdal vert varaordførar.

Under konstitueringsmøtet av kommunestyret i «nye» Volda kommune, vart det lagt fram to kandidatar som ordførar for den nye kommunen.

Ola Perry Saure (Sp) la fram forslag om Sølvi Dimmen (Sp), medan Dan Helge Bjørneset (H) føreslo Stig Olav Lødemel (H).

Det var i alt 33 røysteføre, og alle gav ei røyst i valet.

Oppteljinga av røystene viste 21 røyster for Dimmen, og 12 røyster for Lødemel. Med det vart Dimmen vald fram som den aller første ordføraren i «nye» Volda kommune.

Som varaordførar vart Sverre Leivdal (Ap) samrøystes vald, utan nokon motkandidatar.