– Eg synest det er spanande, himmel og hav!

NAV-leiar Monica Osvold synest det er mykje spanande arbeid i samband med kommunereformen.

Som ein konsekvens av samanslåinga av Hornindal og Volda, er det mange offentlege tenester som vert påverka. Ei av dei tenestene er NAV, som per tid er eit samarbeid mellom Ørsta og Volda.

Hos NAV er det eit samarbeid mellom stat og kommune, der Ørsta kommune er vertskommune for samarbeidet.

Frå 1. januar 2020 skal «nye» Volda og Ørsta danne nytt samarbeid, og Ørsta vil framleis vere vertskap for tenesta. Men når det er to statlege føretak (NAV Møre og Romsdal og NAV Vestland) og tre kommunar (Hornindal, Volda og Ørsta) er det mykje å halde styr på for NAV-leiar Monica Osvold.

– Eg rettar meg til NAV Vestland, NAV Møre og Romsdal, rådmann i Hornindal, rådmann i Volda og rådmann i Ørsta. Så eg har på ein måte fem «sjefar» som gir sine signal på kva retning ein ønskjer å gå i. Ein må hugse alle partane og at alle kjem til orde, seier NAV-leiaren.

Ikkje alt som er avklart

Osvold er tydeleg på at det ikkje er alt som er avklart, idet vi nærmar oss det siste halvåret av 2019 – før Volda og Hornindal vert éi kommune.

– Ting er på ingen måte heilt landa enda. Vi som jobbar i systemet har snakka mykje om at vi må tole å stå i ein prosess der verda er usikker. Vi veit ikkje alt, og når vi veit meir så kan vi starte å planleggje ut ifrå det. Per no så veit ikkje vi alt, seier ho.

Dette går på til dømes lokalisering av kontor, tilgjengelege ressursar, transporttilhøve og liknande. Over sommaren skal det leverast ein rapport på korleis NAV tenkjer at tenestene skal leverast framover.

– Skal vi krevje at folk skal kome seg hit, til Ørsta, så må det vere moglegheiter for at folk får kome seg hit. Ein del av dei vi hjelper har kanskje verken bil eller sertifikat. Korleis skal dei då kome til oss?, spør Osvold retorisk.

Saka held fram under biletet.

UAVKLART: Det er ikkje alt som er avklart i prosessen med interkommunalt NAV enno. Dette vil ein vite meir om etter sommarferien.

Spanande arbeid

Osvold håper at mykje vert landa før sommarferien tek til, slik at NAV får høve til å bruke resten av hausten til å planlegge og evaluere si eiga verksemd fram mot årsskiftet.

– Eg trur hausten kjem til å bli hektisk. Då har vi litt klarare rammer som vi skal forholde oss til, der vi må sjå korleis vi skal løyse ting. Akkurat no er som sagt ikkje alt dette landa enno.

– Kva skjer i prosessen hos NAV framover no?

– For vår del skal det vere ei evaluering av organiseringa vår. Dette startar vi med rett over sommarferien. Då vert det naturleg at dei tilsette i Hornindal er med i prossesen her, både med tanke på at dei skal få meine noko om korleis tenestene skal leverast og for å verte endå tettare knytt saman, seier Osvold, som også er NAV-leiar i Hornindal.

– Korleis er det å jobbe med denne kommunereformprosessen?

– Eg synest det er spanande, himmel og hav! Det er spanande å sjå kva ein kan få til og korleis ein kan gjere dette på ein god måte. Vi jobbar mykje med samarbeid med kommunane og kople oss tett innpå dei. Eg kjem frå ein liten kommune der ein er nøydd å jobbe tett på alle for å få dagen til å gå rundt fordi vi er så få. Dette blir no litt større og ein tenkjer litt annleis rundt samarbeid då, seier Osvold.

Jobbar mot digitale løysingar

Ettersom NAV-kontoret vil ha sin hovudbase i Ørsta, kan det for grupper utan transportmiddel verte ein lang veg til kontoret i vertskommunen. Å vere gode på digitale løysingar er derfor noko Osvold er svært oppteken av.

– Vi jobbar med å få digitale løysingar på sosiale tenester, der ein søkjer heime ifrå og lastar opp dokumentasjon elektronisk. Då slepp ein å fysisk reise nokon stad og er ikkje så avhengig av til dømes buss, påpeikar Osvold.

-Vi er her for brukarane og dei skal få gode tenester. Dei er essensen i det heile, legg ho til.

– Det er om lag eit halvår att til nye Volda vert etablert. Kva står att av arbeid no før årsskiftet?

– Det som må jobbast med er å ivareta alle som vi skal jobbe med, og for, å få gode prosessar slik at vi kjenner at vi er klare når vi kjem til 2020. I tillegg så har vi nokre krav på oss; vi skal levere effektive tenester. Det å kunne vere oppe og stå på alt av digitale løysingar blir kjempeviktig for oss.

– Med tanke på det praktiske, så har vi laga oss ein detaljert milepålplan. Vi har allereie starta med å rydde i permar, for det er mykje som anten skal arkiverast eller oppklarast – og vi har ein ambisjon om å få rydda unna éin perm i veka. Så når vi nærmar oss årsslutt så er vi der vi skal vere.