Eitt av desse seks forslaga vert slagord for nye Volda

Stem på det alternativet du meiner er best!

Etter å ha bedt om innspel til slagord for nye Volda, kom det inn 30 gode forslag frå både noverande og tidlegare innbyggjarar i Hornindal og Volda.

Du kan vere med å avgjere kva for eitt av desse forslaga som vert det nye slagordet. Stem på din favoritt her!

I samråd med prosjektleiar Rune Sjurgard og dei to ordførane, Jørgen Amdam og Stig Olav Lødemel, har vi landa på følgjande seks kandidatar:

  • Volda kommune – vekst og trivsel!
  • Volda kommune – eit godt utgangspunkt
  • Volda kommune – saman er vi sterkare
  • Volda kommune – med kunnskap, kultur og flott natur
  • Volda kommune – venleg, vidsynt og visjonær
  • Volda kommune – med røter i tradisjon og læring

** Siste frist for å stemme er søndag 28. oktober. Alle som er med å stemme, og som legg att e-postadresse, er med i trekninga av eit Nye Volda kaffikrus **

%d bloggers like this: