Ekstra møte i Fellesnemnda 17. oktober

Den 17. oktober vert det sett opp eit nytt møte i Fellesnemnda.

I utgangspunktet var 5. september sett opp som det siste møtet i Fellesnemnda for nye Volda kommune. Dette møtet skjer fire dagar før kommune- og fylkestingvalet.

På grunn av mange saker som skal gjerast vedtak på før det nye kommunestyret vert konstituert i slutten av oktober, har prosjektleiar Rune Sjurgard og Fellesnemnd-leiar Stig Olav Lødemel sett opp eit nytt møte den 17. oktober.

Møtet vert arrangert på Rådhuset i Volda, med førebels oppstart klokka 14.00.