Engasjerte innbyggjarar på folkemøte i Austefjord

Under torsdagens folkemøte i Austefjord var det mykje engasjement blant innbyggjarane.

Torsdag 6. desember hadde Fellesnemnda for nye Volda kommune lagt møtet sitt til Austefjord skule.

I etterkant var det duka for folkemøte i Austefjord krins, der om lag 30 personar tok turen til gymsalen på skulen.

Under møtet orienterte leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, prosjektleiar Rune Sjurgard og leiar for organisasjonskomiteen, Jørgen Amdam, om arbeidet som blir gjort med å byggje nye Volda kommune.

Mykje på grunn av saka om skulekrinsar som no er ute på høyring, vart torsdagens folkemøte flytta frå Folkestad til nettopp Austefjord. Dette temaet var derfor naturleg nok blant dei temaa som vart teke opp.

I tillegg vart det diskusjonar om fibertilgang og korleis ein kan oppmode fleire til å flytte til Austefjord.

Etter dette møtet vert det ytterlegare tre folkemøte etter årsskiftet; der Ulvestad, Folkestad og Mork står att på agendaen. Datoar for desse møta finn du i møteprotokollen frå møtet i Fellesnemnda.