Engasjerte innbyggjarar på folkmøtet på Grodås

Om lag 70-80 innbyggjarar hadde teke turen til Honndalshallen torsdag kveld.

Etter at Fellesnemnda var ferdige med møtet sitt på Grodås 1. november, var det klart for folkemøte.

Folkemøtet vart heldt i gymsalen i Honndalshallen, og om lag 70-80 personar hadde teke turen for å høyre på poltikarane og prosjektleiinga sine tankar om den nye kommunen – og prosessen med å slå saman dei to kommunane.

Ein publikumar takka for at eit slikt folkemøte endeleg vart arrangert på Grodås, ettersom innbyggjarar har vente på dette ei god stund.

Under møtet, som varte i om lag 2,5 timar, hadde Stig Olav Lødemel eit innlegg om korleis politikarane jobbar med kommunereforma, Rune Sjurgard orienterte om korleis ein skal byggje opp den nye kommunen, Ann Kristin Langeland gjorde greie for Hornindal sin nostatus og status i ny kommune og Jørgen Amdam fortalde om korleis ein ser føre seg organisering av grendelag i nye Volda.

Etter innlegga vart det høve for publikum å stille spørsmål. Her var det mykje engasjement blant dei frammøtte.

Tema som kom opp var mellom anna tenestefunksjonar på kommunehuset Smia, ønske om å behalde kjøkenet på omsorgssenteret, spørsmål rundt skuleskyss og skulekrinsar, organsiering av grendelag og tilrettelegging for næringsliv.

Avslutningsvis oppmoda leiaren i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, innbyggjarar til å ta kontakt med medlemmene i Fellesnemnda om ein har innspel og synspunkt på ulike saker.

Neste gong Fellesnemnda vil arrangere folkemøte vert på Folkestad 6. desember, som vert årets siste møte i Fellesnemnda.

PANELET: Stig Olav Lødemel, Jørgen Amdam, Rune Sjurgard og Ann Kristin Langeland.
GODT FRAMMØTE: Om lag 70-80 personar hadde teke turen til Honndalshallen.