Er du vår nye byggesakshandsamar?

Frå 01.01.2020 er det ledig 100 % fast stilling som byggesakshandsamar i Volda kommune.

Etter nyttår vert Volda kommune slått saman med Hornindal kommune. I samband med at den nye kommunen får om lag 10.000 innbyggjarar, søkjer vi ein ny kollega innanfor byggesak.

Stillinga er administrativt lagt til sektor for samfunnsutvikling, under utviklingsavdelinga.

Denne avdelinga har i dag 8 tilsette som mellom anna har ansvar for plan, bygge- og delesaker, kart, oppmåling, klima/miljø og eigedomsskatt.

Arbeidsoppgåver

Til stillinga som byggesakshandsamar ligg det fylgjande arbeidsoppgåver:

  • Handsaming av byggesøknadar
  • Tilsyn i samband med byggesaker
  • Matrikkelføring av byggetiltak
  • Rettleiing av innbyggarar og føretak
  • Seksjonering etter eigarseksjonslova
  • Andre relevante oppgåver ved avdelinga kan også bli tillagt stillinga

Søknadsfrist er sett til onsdag 30. oktober 2019.

Sjå heile stillingsannonsen og søk på stillinga.