Erfaringar frå Nye Sandefjord

Tidlegare i år, 01. januar 2017, slo dei tre kommunane Andebu, Stokke og Sandefjord seg saman til ny storkommune. Samanslåinga av dei tre Vestfold-kommunane var den første i kommunereforma.

Nye Sandefjord kommune er i dag på om lag 61 600 innbyggjarar.

Etter over eit halvt års tid som ny kommune, la KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund) fram ein rapport der Sandefjord har delt sine erfaringar.

KS har vore opptekne av at dei erfaringane og lærdomen som Sandefjord gjorde seg, skulle dokumenterast slik at andre kommunar kunne lære av desse erfaringane når dei skal slå seg saman innan 2020 – deriblant Volda og Hornindal.

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, seier følgjande til KS.no:

– Eg vil rette ei stor takk til dei som har latt seg titte i korta slik at vi kan ta lærdom frå erfaringane med samanslåingsprosessen. Dette kan kommunar som står framfor tilsvarande oppgåver dra stor nytte av.

Meir om erfaringane til Sandefjord kan du lese her (ekstern lenke).

%d bloggers like this: