Erfaringsseminar på Gardermoen

Nye Volda til stades på erfaringsseminar for kommunar som skal slå seg saman.

Sist veke deltok fem representantar frå Nye Volda eit erfaringsseminar for kommunar som skal slå seg saman på Gardermoen. Arrangementet var i regi av KS, i samarbeid med fleire av kommunane som er inne i samanslåingsprosessar.

Frå Nye Volda deltok prosjektleiar Rune Sjurgard, rådmann i Hornindal Ann Kristin Langeland, digitaliseringsrådgjevar Paul Ottar Tornes, HTV Norunn Helene Holmøy-Want og kommunikasjonsrådgjevar Joakim Rødven.

I løpet av onsdag og torsdag var der fleire spanande tema på programmet, der ein gjekk innom mange sentrale spørsmål i kommunereforma.

Mellom anna vart det diskutert endringsleiing og omstilling, kommunikasjon og kulturbygging, arbeidsrettslege problemstillingar, politisk og administrativ organisering, digitalisering og strategisk planlegging.

Eit samla inntrykk frå Nye Volda sine deltakarar var at samanslåingsprosjektet av Hornindal og Volda kommunar har kome ganske langt, og at det er var positivt å få ei stadfesting på at prosjektet ligg i rute fram mot 01.01.2020.