Fakta om årets val

Person røyster ved kommunevalet

Nøkkeltal frå årets val, og samanlikning med sist kommuneval.

Kommunevalet 2019 vart eit spesielt val for innbyggjarar i Volda, Hornindal og Bjørke/Viddal. Kommunesamanslåinga bidrog til at det var mykje nytt å setje seg inn i, og mange nye kandidatar å røyste på.

I årets kommunestyreval var det i alt 8132 røysteføre i det som vert «nye» Volda kommune frå 01.01.2020. Av desse var det 5634 personar som hadde gitt si røyst, der 1742 av desse var førehandsrøyster.

Oppmøteprosenten i kommunevalet var derfor på om lag 69,3 prosent.

Samanliknar vi årets oppslutnad med valdeltakinga i kommunevalet for fire år sidan, er det ei auke på om lag 4,2 prosentpoeng (opp frå 65,1 prosent).

Kven fekk røystene?

Dersom du har lyst å sjå kven som fekk røystene, og slengjarar, kan du sjå dette i detalj i Valstyrets møtebok.

Nøkkeltal