Får permisjon i samband med sivilforsvarstjeneste

På grunn av tenesteplikt i Sivilforsvaret har kommunikasjonsrådgjevar Joakim Rødven fått innvilga tre vekers tenestefritak frå stillinga si i Nye Volda.

Permisjonen trer i kraft frå og med 8. januar og varer fram til og med 26. januar.

Rødven har til dagleg arbeidsoppgåver som sekretær i Fellesnemnda, Organisasjonsutvalet og Styringsgruppa, men har fått fritak frå desse verva i det aktuelle tidsromet.

For henvendingar knytt til eitt av desse utvala, ta gjerne kontakt med servicekontora til Volda eller Hornindal kommune eller prosjektleiar Rune Sjurgard.

Informasjons- og kommunikasjonsarbeidet i samband med bygginga av Nye Volda kan verte noko redusert i denne tidsperioden.