Felles kontaktmøte for nye Volda

Hovudtillitsvalde, hovudverneombod og kommunalsjefar møttest på Smia for å gå gjennom status i samanslåinga.

På felles kontaktmøte er innhaldet retta mot saker som vedkjem dei tilsette i dagens Volda og Hornindal kommune. Personalsjef i nye Volda kommune, Berit Lyngstad, leia møtet. Følgjande saker var oppe:

Arbeidstid kontoradministrasjonen

Den første saka som vart diskutert var arbeidstid for kontoradministrasjonen i den nye kommunen. Hornindal og Volda har i dag ein litt ulik praksis på arbeidstid.

Ei arbeidsgruppe på tre hovudtillitsvalde (HTV) frå kvar av kommunane skal derfor mellom anna sjå på normalarbeidstid, ytre arbeidstid og bruk av sommar-/vintertid.

Arbeidsgruppa skal legge fram arbeidet sitt på neste felles kontaktmøte 14. mars.

Kompensasjon ved lenger reisetid

Samanslåinga kan medføre at nokre tilsette får endra oppmøtestad, og vil dermed få ein lenger reiseveg til jobb.

For å kompensere ulemper dette skulle ta med seg, vert det føreslått at tilsette som får lenger reiseveg kan velje mellom to ulike alternativ for kompensasjonsmodell.

Dei tillitsvalde hadde fleire innspel, blant anna på verknadstid, og ønska meir informasjon om andre liknande prosessar. Personalsjef vil følgje opp saka.

Organisasjons- og stillingsskildring

Ei anna sak som vart tatt opp på fellesmøtet var at det er ønskjeleg å samkøyre nivåa i organisasjonsstrukturen, slik at det ikkje er ulike nemningar i organisasjonen.

Dette omfattar til dømes:

Rådmann
Sektor > Kommunalsjef
Eining > Einingsleiar
Seksjon/Avdeling > Teamleiar
Fagleiar

Arbeidsgjevar la fram eit forslag. Dei tillitsvalde kan kome med innspel og forslag innan 15. februar.

Innplassering av leiarar i ny kommune

Det vart drøfta korleis ein skal innplassere leiarar i den nye kommunen. Dette gjeld leiarstillingar der det blir endringar.

KS Advokat har laga eit notat, der prosess rundt kartlegging, rettskrav og kriteria for ny stilling er vektlagt.

Det er arbeidsgjevar som vurderer om det føreligg eit rettskrav, eller om stillinga skal lysast ut. Tema vil bli tatt opp på ny på neste kontaktmøte.

Forventningsskriv til leiarar i nye Volda

Arbeidsgjevar har utarbeidd eit forventningsskriv til leiarar i nye Volda.

Dei tillitsvalde kom med positive tilbakemeldingar og konstruktiv kritikk, som arbeidsgivar tek med seg.

Forventningsskrivet vil bli introdusert når leiarane i nye Volda er på plass.

Orienterte om sektorpross

Mot slutten av samlinga hadde kommunalsjefane ei oppsummering av prosessen med å organisere dei ulike sektorane.

Unntaket var sektor for oppvekst, ettersom kommunalsjef Per Ivar Kongsvik ikkje hadde høve til å delta denne gongen.

Både Helse og omsorg, samfunnsutvikling og stab/støtte fortel at prosessen skrid framover, og at ein held farta oppe.

Ambisjonen er at organiseringa av sektorane skal vere så godt som ferdige i løpet av mars månad.