Felles leiarmøte i Hornindal og Volda

Torsdag og fredag førre veke var rådmannens leiargruppe i dei to kommunane på ei felles samling i Ålesund.

Tema første dag var endringsleiing. Arild Stana frå KS Konsulent tok oss med på ei fagleg reise rundt endringsprosessar og leiing av desse.

Andre dag var tema digitalisering og velferdsteknologi. Lene Bjørlo Overå er helse – og omsorgssjef i Giske kommune. Gjennom ein tydelig strategi med god forankring har dei gjort mykje spennande. Eit inspirerande innlegg som vi lærte mykje av.

Neste mann ut var vår eigen prosessleiar for digitalisering, Paul Ottar Tornes. Han startar riktig nok ikkje i stillinga før 1. mars, men på samlinga fekk han presentert seg, samtidig som han viste oss kva digitalisering kan vere i ulike sektorar og ulike stader i landet.

Samlinga vart avslutta av at prosjektleiar og rådmann Rune Sjurgardgjekk gjennom årshjulet for nye Volda kommune. Han orienterte om prosessar vi står midt oppi, som ny administrativ organisering, og han orienterte om kva som vil skje seinare på året.

Felles leiarsamling Hornindal og Volda