Felles møte med teknisk og plan/utvikling i Volda og Hornindal

Torsdag var det eit felles møte om kartlegging av arbeidsprosessar i sektoren for samfunnsutvikling.

Dei innplasserte leiarane for den nye kommunen har allereie levert prosjektnotat for vidare arbeid innanfor dei ulike sektorane.

Sjølv om stillinga som ny kommunalsjef i sektor for samfunnsutvikling ikkje er på plass enno, hadde teknisk og plan/utvikling torsdag eit felles møte i Volda for å drøfte vidare prosess.

Møtet starta med ei rask orientering av kommunesamanslåingsprosessen ved rådmann i Volda, og prosjektleiar, Rune Sjurgard. Sjurgard kunne mellom anna vise til vedteken administrativ hovudstruktur.

Det vart også gjort greie for vidare prosess for sektor for samfunnsutvikling – mellom anna at stillinga som kommunalsjef for denne sektoren vert lyst ut eksternt.

Gruppeoppgåve

Vidare på fellesmøtet heldt prosessleiar for digitalisering, Paul Ottar Tornes, ein presentasjon om integrasjonar og den digitale tenesteutviklinga som ein no står overfor i sektorane i samband med kommunereforma.

Det var også gitt ei kort forklaring og demonstrering av prosjektstyringsverktøyet Induct, som ein skal ta i bruk i samband med samanslåinga.

Etter dette vart forsamlinga delte inn i tre grupper, som skulle kartleggje oppgåver som hastar å kome igang med og som ein er nøydde å gjere noko med for å bli éin sektor frå og med 01.01.2020.

I tillegg skulle ein setje fokus på tenesteutvikling.

Dette var ein god start på arbeidet med å kartleggje arbeidsprosessar innanfor den nye sektoren.