Felles sommaravslutning for rådhusa i Hornindal og Volda

For å bli betre kjende med kvarandre arrangerte Hornindal og Volda ein felles sommaravslutning for dei tilsette på dei to rådhusa.

Arrangementet vart heldt på Uppheim i Volda, starta med servering av suppe og saft. På programmet stod mellom anna eit fagleg opplegg med rådmennene, ordførarane og dei tillitsvalde i dei to kommunane.

I tillegg vart det framført både song- og musikkinnslag, ein quiz om dei to kommunane hadde blitt laga til og humoristiske innslag heldt stemninga på topp. Kake og kaffe vart også servert.

Dette var eit flott tiltakt for at dei tilsette ved Rådhusa i begge kommunane skulle bli betre kjende. Fellesnemnda, som offisielt hadde konstituert seg tidlegare på føremiddagen, vart også inviterte til denne sommaravslutninga.

Utanom å bli betre kjende med kvarandre, fekk dei tilsette også informasjon om kva som har skjedd det siste året rundt kommunesamanslåinga. Rådmennene og ordøførarane i dei to kommunane vart spurt om ulike tema rundt det som har skjedd og kva som vil skje etter ferien.

Under avslutninga vart det også fortalt litt om eit nytt «bli kjend»-tiltak som dei to kommunene vil setje i verk i nær framtid: Vennebenkar.

Desse venebenkane skal dekorerast og vil ha på seg kommunevåpena til Hornindal og Volda. Intensjonen er å bidra til ei positiv og lærande tilnæring til felles kulturbygging mellom dei to kommunane.