Fellesmøte hovudtillitsvalde Volda og Hornindal

Fredag 3. mars var det fellesmøte for hovudtillitsvalde i Hornindal og Volda kommunar.

Rune Sjurgard, rådmann i Volda og Ann Kristin Langeland, rådmann i Hornindal, gjekk gjennom prosjektplan og viktige milepælar framover.

Det er satt ned fleire administrative arbeidsgrupper som skal kartlegge no-situasjonen på ein rekke område.

Når kartlegginga er gjort, skal nye arbeidsgrupper settast ned, der både administrasjon og tillitsvalde deltek.

Oppgåvene vil då rette seg mot kva som må gjerast og kva som må vere på plass inn mot samanslåing.