Fellesmøte med HTV og HVO

Hovudtillitsvalde (HTV) og hovudverneomboda (HVO) i Hornindal og Volda møttest torsdag ettermiddag.

Etter leiarsamlinga tidlegare på dagen, vart det halde eit møte mellom dei hovudtillitsvalde og rådmannens leiargruppe.

Innleiingsvis vart Sonja Hovden ønskja velkomen som nytt hovudverneombod i Volda kommune og i nye Volda kommune frå 2020.

Det vart orientert om saker vedteken i Partssamansett utval, som skal opp i Fellesnemnda 18. juni. Dette gjeld nytt permisjonsreglement, nytt arbeidsreglement og kompensasjon for tilsette som må skifte arbeidsstad/oppmøtestad som følgje av kommunesamanslåinga.

Det vart og orientert om status på arbeidet med ny lønspolitikk og forhold knytt til årets lønsforhandlingar. Det vart orientert om status på prosessane i dei tre sektorane og i dei tre stabsfunksjonane.

Møtet vart avslutta med ei gjensidig tilbakemelding på samarbeidet mellom arbeidsgivar og arbeidstakarorganisasjonane.

Rådmannen var tydeleg på at dei tillitsvalde har vore ein ressurs i arbeidet med kommunesamanslåing, og utgjort ei viktig støtte for kommunalsjefane i dei ulike sektorprosessane.

KOMMUNALSJEFANE: Frå venstre – Berit Lyngstad (personalsjef), Kari Mette Sundgot (økonomisjef), Ann Kristin Langeland (ass. rådmann), Jarl Martin Møller (Samfunnsutvikling), Rune Sjurgard (rådmann), Per Ivar Kongsvik (Oppvekst). Svein Berg-Rusten (Helse- og omsorg) er utanfor bilderamma.