Fellesnemnd-møtet 18. juni flytta til Volda

Det komande møtet i Fellesnemnda vert flytta av tekniske årsaker.

I møtet skal NAV-leiar Monica Osvold delta i ei av orienteringssakene via video. Av dei eigna møteroma er det møterom Helgehornet på rådhuset i Volda som høver seg best til dette formålet.

Møtet vert derfor flytta frå Smia til Volda rådhus. Denne endringa er klarert med leiar for Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel.

Møtet vil framleis starte klokka 14.00. 

Innkalling og møtedokument vert publisert og gjort tilgjengeleg i første halvdel av veke 24 (tysdag 11. eller onsdag 12. juni).