Fellesnemnda: Flyttar maimøtet til Smia

Det komande møtet i Fellesnemnda 9. mai vert flytta frå Volda til Hornindal.

På grunn av at ordførarane i Volda og Hornindal begge er inviterte til eit arrangement seinare på dagen 9. mai har Fellesnemnd-møtet denne dagen vorte flytta frå Volda til Hornindal.

Møtet vert også flytta fram til klokka 12:00 frå klokka 14:00.

Dette er gjort i samråd med leiaren i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, og Volda-ordførar Jørgen Amdam.

Sakliste og innkalling vert tilgjengeleggjort på www.nyevolda.no i løpet av slutten av veke 18 (2-3. mai).