Fellesnemnda: innkalling 05.09.2019

Desse sakene skal opp i Fellesnemnda komande torsdag.

Torsdag 5. september, berre fire dagar før kommunestyre- og fylkestingvalet, er det klart for nest siste møte i Fellesnemnda for nye Volda kommune.

Dette møtet vert på kommunehuset Smia i Hornindal, med møtestart klokka 14.00.

På dette møtet skal mellom anna det nye ordførarkjedet visast fram, i tillegg til at følgjande saker skal opp til handsaming:

  • Forskrift for vatn og avløpsgebyr i Volda kommune
  • Lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • Marginprosent skatt for nye Volda kommune
  • Datautstyr til politikarane til bruk før og under politiske møte
  • Verksemdsoverdraging av Hornindal Frivillegsentral

Det skal også leggjast fram økonomirapportering av prosjektmidlar Nye Volda for august 2019.

Av orienteringssaker skal prosjektleiaren for velferdsteknologi i nye Volda, Karianne Sveen Orvik fortelje litt om prosjektet ho held på med. Det skal også leggjast fram eit notat frå rådmann Rune Sjurgard om miljø og klima, og kommunikasjonsrådgjevar Joakim Rødven skal orientere om eit videoprosjekt som kommunen har starta.

Det skal også diskuterast kulturbyggingstiltak i samband med samanslåingstidspunktet.

Her finn du alle sakspapir til Fellesnemnda som skal handsamast i møtet.