Her er saklista for årets første møte i Fellesnemnda.
Etter ein juleferie er det klart for eit nytt år – det siste før Volda og Hornindal kommunar vert avvikla og Nye Volda vert etablert.
Det aller første møtet i Fellesnemnda for nye Volda blir arrangert på Ulvestad skule på Lauvstad torsdag 10. januar og startar klokka 15:00.
Til dette møtet er nytt ordførarkjede, justering av helseforetaksgrense og regulering av bispedømegrense mellom Møre og Bjørgvin ført opp som vedtakssaker.
I tillegg er det sett opp fem orienteringssaker.
Heile sakliste til møtet finn du her: Møteinnkalling
Folkemøte på Dalsfjord skule
Seinare på kvelden er det også klart for eit nytt folkemøte for å orientere innbyggjarar om arbeidet med å byggje nye Volda kommune.
Dette folkemøtet vil bli lagt til Dalsfjord skule, i auditoriet, der oppstart vert klokka 18:00.
Alle som har ønskje om å delta på dette er hjarteleg velkomne!