Fellesnemnda: Innkalling 18. juni 2019

Tysdag 18. juni er det nytt møte i Fellesnemnda. Desse skal opp til handsaming.

Som ei følgje av tekniske behov, vart møtet i Fellesnemnda flytta frå Smia, Grodås, til møterom Helgehornet på Volda rådhus. Møtet startar som planlagt klokka 14.00.

Dette vert det siste møtet i Fellesnemnda før sommarferien, og det nest siste møtet (som er planlagt) før Fellesnemnda vert avløyst av det nye kommunestyret.

Møtepapira kan etter kvart finnast i Volda kommune si innsynsløysing.

Sakliste:

  • Godkjenning av innkalling og sakliste
  • Godkjenning av protokoll
  • Orienteringar
  • Sunnmøre Kulturnæringshage – orientering om Smia Utvikling
  • Pasientsituasjonen i Volda
  • Folkevaltprogram
  • Referat frå møte vedr vertskommuneavtale mellom Ørsta og nye Volda kommune 03.06.2019
  • Invitasjon til å svare på høyring om politidistriktets inndeling – GDE-struktur ( Geografiske driftsenheter )
  • ROS-analyse av kommunesamanslåinga mellom Volda og Hornindal – revidert mars 2019
  • Årsbudsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023
  • Økonomirapportering prosjektmidlar – Mai 2019
  • Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2020-2024. Stadfesting av planprogram
  • Revidering av forskrift om renovasjon og slam – slutthandsaming
  • Lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og gebyr for feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • Forskrift for vann og avløpsgebyr i nye Volda kommune
  • Arbeidsreglement for nye Volda
  • Permisjonsreglement for nye Volda kommune
  • Kompensasjon ved skifte av arbeidsstad i nye Volda