Fellesnemnda: Innkalling 7. mai 2018

Éi vedtakssak og fem orienteringssaker på programmet til neste møte.

Allereie førstkomande måndag er det klart for eit nytt møte i Fellesnemnda.

Denne gongen er det ei relativt kort sakliste, med berre éi sak som skal vedtakast (utanom godkjenning av innkalling, sakliste og protokoll frå sist møte).

I tillegg er det fem orienteringssaker som har ein viktig karakter.

Sakspapira kan du finne ved å klikke her. Saklista er elles som følgjer:

SAKLISTE

PS 22/18 Godkjenning av innkalling og sakliste

PS 23/18 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte

PS 24/18 Møtereglement for Fellesnemnda

PS 25/18 Orienteringssaker

OS 25/18 Nytt medlem i Fellesnemnda gjeldande frå 01.05.2018

OS 26/18 Orientering om ROS-analyse i samband med bygging av nye Volda kommune

OS 27/18 Orientering om digitaliseringsstrategi

OS 28/18 Protokoll frå Kyrkjeleg fellesnemnd for Nye Volda den 25. april 2018

OS 29/18 Sunnmøre Kulturnæringshage – Tilskot til etablering av Smia utvikling.