Fellesnemnda: Innkalling 9. mai 2019

Her er saklista som skal handsamast i neste møte i Fellesnemnda.

Mai-møtet i Fellesnemnda var opphaveleg sett opp i Volda, men har no vorte flytta til Kommunehuset Smia på Grodås.

Møtet har også vore flytta fram til klokka 12.00 (frå den opphavlege tida som var klokka 14.00).

Her er saksdokumenta til møtet: Innkalling Fellesnemnda 9. mai 2019

Sakliste:

PS 24/19 Godkjenning av innkalling og sakliste
PS 25/19 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte
PS 26/19 Bruken av Smia etter kommunesamanslåinga
PS 27/19 Vedtak om skulekrins i nye Volda kommune – krav om lovlegkontroll
PS 28/19 Grafisk profil – endeleg handsaming
PS 29/19 Profileringstiltak i samband med ny kommune
PS 30/19 Uttale til høyring om regulering av prostigrenser på Sunnmøre

PS 31/19 Orienteringssaker
OS 34/19 ROS-analyse av kommunesamanslåinga mellom Volda og Hornindal – revidert mars 2019
OS 35/19 Fiberavtale mellom Volda og Vanylven kommunar
OS 36/19 Nye Volda kommune beheld Hornindal kommune sitt eigarskap i Nordfjordfiberen
OS 37/19 KS Folkevalgtprogram