Fellesnemnda kjem til Lid/Mork

Den 7. mars går Fellesnemnda sin «kommuneturné» i nye Volda til Lidatun og Mork skule.

Sidan hausten 2018 har Fellesnemnda lagt møta sine til dei ulike skulekrinsane/grendene i den nye kommunen.

På vegen har politikarane vore innom Bjørke, Grodås, Austefjord, Dalsfjord og Folkestad. Siste stad på denne turneen vert på Lid og Mork den 7. mars.

Først skal Fellesnemnda ha sitt månadlege møte på Lidatun klokka 15.00. Sakliste til dette møtet vert publisert mot slutten av veke 9 (28.02-01.03).

I etterkant av dette møtet, inviterer Fellesnemnda til Folkemøte på Mork skule frå klokka 18.00. Her vil Stig Olav Lødemel (leiar i Fellesnemnda), Rune Sjurgard (prosjektleiar) og Jørgen Amdam (ordførar i Volda) fortelje om arbeidet som vert gjort i samband med kommunesamanslåinga.

Begge møta er opne for alle som ønskjer å delta. Vi håper å sjå deg torsdag 7. mars!

OBS: Biletet over er teke på folkemøtet på Austefjord skule i fjor vinter.