Fellesnemnda: Møteinnkalling 19.04.2018

Desse sakene skal opp i neste møte i Fellesnemnda.

Neste veke er det klart for eit nytt møte i Fellesnemnda, etter at det var ei «pause» i mars.  Det har derfor samla seg opp ganske mange saker til dette møtet.

Men ein kan sjå fram til nokre godbitar.

For mange kan kanskje sak PS 15/18 vere spesielt interessant, ettersom det skal vedtakast eit nytt kommunevåpen.

Møtet finn stad på Smia, Grodås, 19. april klokka 13:00.

Innkallinga ligg her: Innkalling 19.04.2018

Resten av saklista er som følgjer:

SAKLISTE

Saksnr.                 Sak

PS 12/18             Godkjenning av innkalling og sakliste

PS 13/18             Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte

PS 14/18             Rapportering Nye Volda – Mars 2018

PS 15/18             Nytt kommunevåpen for nye Volda

PS 16/18             Oppnemning av medlem til kyrkjeleg fellesnemnd

PS 17/18             Endringar av domstolgrenser i samband med kommunereform

PS 18/18             Endringar av politidistriktsgrenser i samband med kommunereform

PS 19/18             Interkommunale samarbeid om Nav og landbruk – mandat til prosess i samband med kommunesamanslåing

PS 20/18             Kriteriar for endring av vegnamn ved kommunesamanslåing mellom Hornindal og Volda kommunar


PS 21/18             Orienteringssaker

OS 19/18             Prosjektplan ny kommune Volda-Hornindal – rev. 01.03.2018

OS 20/18             Administrativ hovudstruktur nye Volda – endeleg handsaming

OS 21/18             Tannhelseteneste

OS 22/18             Haustfest

OS 23/18             Orientering frå kontrollutvala i Hornindal og Volda

OS 24/18             Mandat for analyse av helse og omsorgstenestetilbodet


 

%d bloggers like this: