Fellesnemnda: oppsummering 05.09.2019

Fellesnemnda i møte på Smia

Slik var det nest siste møtet i Fellesnemnda torsdag ettermiddag.

Møtet vart innleia med ei orientering av valansvarleg Inger-Johanne Johnsen, som kunne fortelje korleis «nye» Volda kommune har tenkt å gjennomføre valdagen førstkomande måndag.

På valdagen vil ein kunne røyste i eitt av følgjande vallokale:

Røystekrins Vallokale Opningstider
Hornindal krins Smia 12.00 – 20.00
Øyra krins Volda samfunnshus 09.00 – 20.00
Mork krins Mork skule 12.00 – 18.00
Dalsfjord krins Dalsfjord skule 12.00 – 18.00
Folkestad krins Folkestad skule 12.00 – 18.00
Austefjord krins Austefjord skule 12.00 – 18.00

Ynskjer du meir informasjon om valet 2019 i nye Volda kommune, finn du det her!

Poltisike saker

Til møtet var det oppe seks saker til handsaming. Der vart det gjort følgjande vedtak:

Forskrift for vatn og avløpsgebyr i Volda kommune

Fellesnemnda vedtok samrøystes administrasjonens tilråding;

  1. Fellesnemnda godkjenner og vedtar den nye forskrifta for vatn og avløpsgebyr.
  2. Fellesnemda vedtar å nytte standard abonnementsvilkår og administrative bestemmelsar.
  3. Fellesnemnda vedtar å nytte den nye VA norma.

Lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg

Fellesnemnda vedtok samrøystes administrasjonens tilråding;

Fellesnemnda for nye Volda vedtek lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og fastsett gebyr for feiing og tilsyn av fyringsanlegg.

Økonomirapportering prosjektmidlar Nye Volda august 2019

Fellesnemnda vedtok samrøystes administrasjonens tilråding;

Økonomirapport august på prosjektmidlar Nye Volda vert teke til vitande.

Marginprosent skatt for nye Volda kommune

Fellesnemnda vedtok samrøystes administrasjonen si tilråding;

Marginavsetting av skatt for nye Volda kommune skal frå 01.01.2020 fastsettast til 10 %

Datautstyr til politikarane til bruk før og under politiske møte

Administrasjonen si tilråding var som følgjer:

  1. Politiske representantar får kompensasjon for bruk av eige datautstyr i samband med førebuing og deltaking i politiske møte.
  2. Medlemene og varamedlemene i kommunestyret, formannskapet, tenesteutval for oppvekst og kultur, tenesteutval for helse og omsorg og forvaltningsstyret får kr. 1600 kompensasjon ved eit minimum oppmøte på 5 møter årleg.
  3. Medlemene og varamedlemene i eldrerådet, kommunalt råd for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsrådet får kr. 1600 i kompensasjon ved eit minimum oppmøte på 4 møter årleg.
  4. Dei folkevalte vil sjølve ha ansvaret for vedlikehald av eige datautstyr.
  5. Kostnad ved ordning ca 120.000 kr pr år, vert å innarbeide i komande budsjett.

Fellesnemnda vedtok denne tilrådinga, med eit tilleggspunkt om at politikarar som ikkje ynskjer å vere med på denne ordninga får høve til å låne PC frå Volda kommune i politiske møte. Dei vil derimot då ikkje motta kompensasjon.

Verksemdsoverdraging av Hornindal Frivillegsentral

Fellesnemnda vedtok samrøystes administrasjonen si tilråding;

  1. Volda kommune overtek drifta av Hornindal frivilligsentral frå 01. januar 2020. Rådmannen får i oppgåve å førebu verksemdsoverdraging etter Aml § 16.
  2. Frivillige skal sikrast medråderett over frivilligsentralen etter 2020. Organisasjonsmodell skal utarbeidast i samarbeid mellom partane.
  3. Verksemdsoverdraginga skal godkjennast av årsmøtet i Hornindal frivillegsentral.

Orienteringssaker

Det var også mange orienteringssaker som vart tekne opp i møtet på kommunehuset Smia.

Ordførarkjede

Kommunikasjonsrådgjevar Joakim Rødven kunne presentere ordførarkjeda for nye Volda kommune for aller fyrste gong. Denne kjeda er laga av TG Design, som er same selskap som har laga kjeda til dagens Hornindal kommune. På kjeda er følgjande symbol inkluderte: bok, båt, fele, fyr, Honndalsrokken, høvel, idrett (hopp og fotball), Lisjetoren, skulptur (frå Svor-museet), vevstol.

Promovideo

Kommunikasjonsrådgjevaren fortalde også at kommunen har nyleg signert kontrakt med det lokale selskapet Oclin AS, som i løpet av hausten skal produsere ein promovideo for den nye kommunen. Denne videoen skal nyttast i kommunen si eiga marknadsføring, og skal bidra til å bygge ein ny, felles identitet. Videoen skal leverast innan utgangen av kalenderåret 2019.

Velferdsteknologi – orientering ved prosjektleiar

Prosjektleiar i for innføring av velferdsteknologi i (nye) Volda kommune, Karianne Sveen Orvik, møtte for Fellesnemnda for å snakke om kva som har blitt gjort og kva som skjer framover.

Notat om miljø og klima – Nye Volda kommune

Med referanse til vedtak i Volda kommune 29. juni tidlegare i år, har Volda erklært klimakrise og oppmodar samstundes nabokommunar å gjere det same. I notatet skriv rådmann Rune Sjurgard mellom anna at for å ta vårt ansvar for å nå dei nasjonale klimamåla, vil det vere aktuelt å forsere klimafokuset i den nye kommunen. Ein kan vurdere å leggje samfunnsplanen sin temadel for klima og miljø til gamle Volda kommune til grunn for den nye kommunen.

Kulturbygging – markering i samband med samanslåinga

Det har blitt løfta fram eit innspel om at det bør vere ei særskild markering i samband med gjennomført kommunesamanslåing etter nyttår. Fellesnemnda ber derfor komiteen for kulturbygging om å arrangere eit arrangement rett etter nyttår, i samråd med prosjektleiar Rune Sjurgard og leiar i Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel.

Organisering av traumesystemet i Helse Møre og Romsdal HF

Saka vart ettersendt etter den opphavelege innkallinga. Fellesnemnda var samde om at dei støttar Ålesund bystyre si bekymring for konsekvensane av den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal, og la vekt på at dei synest det er viktig å behalde traumefunksjonen ved Volda sjukehus.

Orientering om vedtak gjort av Ålesund bystyre 29.08.2019

Saka vart ettersendt etter den opphavelege innkallinga. Fellesnemnda gav prosjektleiar Rune Sjurgard og Fellesnemnd-leiar Stig Olav Lødemel fullmakt til å svare Helse Møre og Romsdal for å uttrykke at nye Volda støttar Ålesund bystyre si bekymring for  konsekvensane av den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal.