Fellesnemnda: oppsummering 07.02.2019

Alle saker vart samrøystes vedtatt.

Til februarmøtet var det i utgangspunktet tre saker som var oppe til handsaming. Dette var;

  • Intensjonsavtale om samarbeid med barnevernstenesta i Sande kommune
  • Oppstart av planarbeid med kommunal planstrategi for nye Volda 2020-2024
  • Kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø

I tillegg ønskte Fellesnemnda å handsame orienteringssaka Unit4/Agresso – Volda 2020, som handlar om nytt løns- og økonomisystem.

Alle sakene vart samrøystes vedtatt.

Vedtaka

Samarbeid om barnevern:

  • Fellesnemnd for nye Volda kommune vedtek den intensjonsavtalen som føreligg om samarbeid mellom den interkommunale barnevernstenesta og barnevernstenesta i Sande kommune.

Oppstart av planarbeid med kommunal planstrategi for nye Volda 2020-2024

  • Fellesnemnda for nye Volda sluttar seg til vurderinga i saksutgreiinga knytt til utarbeiding av felles planstrategi for nye Volda kommune, og tek til vitande statstilskot som er gitt til planstrategi og kommuneplanarbeid for nye Volda vert nytta til formålet.
  • Fellesnemnda for nye Volda kommune ber om at det vert utarbeidd analyse- og utfordringsdokument og heilskapleg ROS som grunnlag for kommunal planstrategi og samfunnsdel for nye Volda kommune.
  • Fellesnemnda for nye Volda ber om at forslag til felles kommunal planstrategi vert utarbeidd og lagt fram for handsaming august/september 2020

Kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø

  • Fellesnemnda for nye Volda vedtek å starte arbeidet med kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet for 2020-2024, jf. § 11-1 i plan- og bygningslova.
  • Fellesnemnda ber om at det vert utarbeidd framlegg til planprogram, som skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-13.

Unit4/Agresso – Volda 2020

  • Prosjektplan for Unit4/Agresso – Volda 2020 vert tatt til vitende.

Komplett protokoll frå møtet vert publisert straks den er ferdigstilt og godkjent.