Fellesnemnda: oppsummering 19. april

Slik var gårsdagens møte i Fellesnemnda på Smia.

Dette var det første møtet sidan 22. februar, ettersom påskeferien gjorde det krevjande å få til eit møte i mars.

Til dei to første sakene, godkjenning av innkalling/sakliste og protokoll frå sist møte var der ingen merknadar.

Også budsjettkontroll for Nye Volda per mars 2018 vart samrøystes vedteken.

Kommunevåpen

Saka med mest diskusjon vart kring nytt kommuenvåpen. Jon Tvinnereim (leiar heraldikk-komité) orienterte om prosess på kommunevåpen og vidare arbeid med ordførarkjede.

Etter dette gjekk Fellesnemnda til avrøysting. Randi Langlo kom med motforslag til administrasjonens innstilling, og føreslo eit alternativt vedtak med Hornindal kommune sitt kommunevåpen som Nye Voldas kommunevåpen.

Langlo sitt forslag fall med 2 røyster mot 8, og administrasjonens tilråding vart vedteken.

Oppsummeringa held fram under videovindauget!

Kyrkjeleg fellesnemnd

Margrete Bjerkvik vart samrøystes vald som den kommunale Fellesnemnda sin representant til å sitje i den kyrkjelege fellesnemnda.

Bjerkvik vart føreslegen av Fride Schjølberg Sortehaug.

Politi- og domstolsdistrikt

Per i dag høyrer Volda og Hornindal til ulike domstolsdistrikt. Volda høyrer til Søre Sunnmøre tingrett, medan Hornindal høyrer til Sogn og Fjordane tingrett. Fellesnemnda vedtok samrøystes at den nye kommunen ønskjer å høyre til Søre Sunnmøre tingrett, med sete i Volda.

Førebels uttale frå politidirektoratet er at dei tilrår at Nye Volda kommune høyrer til Møre og Romsdals politidistrikt. Fellesnemnda slutta seg samrøystes til denne tilrådinga.

Nav og landbruk

Fellesnemnda gjorde eit samrøystes vedtak i sak PS 19/18.

Det inneber at leiaren i Fellesnemnda får fullmakt til å inngå avtale med Ørsta kommune, på vegne av nye Volda, som regulerer organisering og samarbeid av felles tenester av Nav og landbruk.

Nye vegnamn

I prosessen om nye vegnamn, slutta Fellesnemnda seg til forslaget om kriterium for endring av vegnamn. Det inneber at den vegen med flest adressatar ved like vegnamn skal få behalde vegnamnet.

Orienteringssaker

  • Oppdatert Prosjektplan (revidert 01.03.2018) vart lagt fram. Ingen merknadar – vert lagt ut på www.nyevolda.no.
  • Administrativ hovudstruktur vart lagt fram av prosjektleiar Rune Sjurgard.
  • Status rundt prosjektet om kommunalt ansvar for Tannhelseteneste vil ein kome tilbake til.
  • Ein haustfest for tilsette vart føreslegen. Ein ser føre seg sektorielle møter/treff for å bli betre kjende.
  • Kontrollutvala i Hornindal og Volda heldt orientering for Fellesnemnda for korleis dei jobbar.
  • Mandat for analyse av helse og omsorgstenestetilbodet vart lagt fram

** Fullstendig protokoll vert publisert i eiga sak så snart den er ferdigstilt og godkjent.