Fellesnemnda: oppsummering 7. mars 2019

Slik gjekk det i torsdagens møte i Fellesnemnda.

Det var mykje spenning knytt til møtet i går, torsdag, ettersom sak om ny skulekrinsgrense skulle opp til handsaming.

Det var sett av om lag to timar til heile møtet, men mesteparten av tida gjekk med til nettopp denne skulesaka.

Slik gjekk det med vedtaka:

PS 15/19 – Ny skulekrins i Volda kommune

Det vart lagt fram eit alternativt framlegg til vedtak, der Odd Harald Sundal føreslo at Austefjord-krins skulle halde fram i Stor-Øyra skulekrins.

Etter ei prøvevotering fekk administrasjonen si tilråding og Sundals framlegg fem røyster kvar.

Det vart lagt inn eit gruppemøte på 10 minutt, og når Fellesnemnda gjekk til votering vart administrasjonens tilråding vedteke med 8-2 røyster.

Som eit nytt punkt vart det også fremja frå Sølvi Dimmen at dersom det vert endring av skulestruktur i området Austefjord/Bjørke/Viddal/Hornindal i framtida, skal nærskule vurderast på nytt. Dette framlegget vart vedteke med 7-3 røyster.

PS 16/19 – Kommunedelplan for idrett og friluftsliv – høyring av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeid

Fellesnemnda vedtok administrasjonen si tilråding samrøystes.

PS 17/19 – Organisering av lærlingordninga i Volda kommune – Handsaming i Fellesnemnda

Fellesnemnda vedtok administrasjonen si tilråding samrøystes.

PS 18/19 – Revidering av forskrift om renovasjon og slam

Fellesnemnda vedtok administrasjonen si tilråding samrøystes.

Orienteringssaker

Alle orienteringssakene vart utsett til neste møte (4. april) på grunn av tidskapasitet.