Fellesnemnda: oppsummering av vedtaka

Torsdag 17. oktober hadde Fellesnemnda sitt aller siste møte før kommunestyret tek over.

Vi nærmar oss stadig nyttår, som betyr at «nye» Volda kommune berre er dryge 70 dagar unna å bli etablert.

I den samanhengen vil kommunetyret i nye Volda snart ta over den politiske styringa av prosjektet – og vidare den nye kommunen.

I det siste møtet i Fellesnemnda, som vart avheldt torsdag 17. oktober, vart følgjande saker handsama:

Nye Volda vil halde fram med to legevaktdistrikt i kontortida til fastlegekontora også etter samanslåinga. Utanom kontortid blir Hornindal ein del av Volda legevaktdisktrikt frå 1.januar 2020.

I tillegg vil nye Volda kommune etablere felles legevaktdistrikt i tidsrommet utanfor kontortid på kvardagar med Ørsta kommune frå 1.september 2020.

Frå 2020 vil Volda halde fram som vertskommune for Søre Sunnmøre interkommunale nattlegevakt, og blir ansvarleg for drifta av legevakta for Ørsta og «nye» Volda.

Volda kommune tek over drifta av legevaktsentral for kommunane på Søre Sunnmøre og denne samlokaliserast med legevaktslokala.

Legevaktslokala lokaliserast i nær tilknytining til ny  ambulansestasjon i Hovden

Det blir utarbeida nye vertskommuneavtale med alle samarbeidskommunane tilpassa den nye drifta.

Det er viktig å påpeike at punkta over forutset at det vert gjort positivt vedtak om samarbeid i Ørsta kommune.

Her finn du relevante saksdokument om felles legevakt Volda og Ørsta.

Etter alkohollova § 1-7 d har kommunen plikt til å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Alkohollova set rammer for korleis alkoholpolitikken skal forvaltast.

Innanfor desse rammene er kommunane gitt eit stort ansvar og stor fridom til å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk.

Fellesnemnda vedtok samrøystes at framlegget til alkoholpolitisk handlingsplan for Volda kommune vert sendt ut på høyring. 

Her finn du relevante saksdokument til alkoholpolitisk handlingsplan for Volda kommune.

Rådmann Rune Sjurgard og økonomisjef Kari Mette Sundgot orienterte om den økonomiske statusen i samanslåingsprosessen.

I budsjettet for 2019 er det planlagt å nytte vel 19,3 mill kr av prosjektmidlar knytt til etablering av ny kommune. 

Økonomirapporten vil gi status på hovudpost meir enn status på sjølve tiltaka og aktiviteten.

Midlar som ikkje vert nytta i 2019 vert overført til år 2020 og må innarbeidast i budsjettet til dei ulike sektorane og avdelingane. Der er ikkje store endring i tala frå rapporteringa i august til no i september.

Likevel merkar ein at aktiviteten knytt til tiltak inn mot ny kommune aukar. Det er positivt at vi framleis har att prosjektmidlar inn i år 2020 då kostnadar knytt til tilpassingar truleg kjem då.

Fellesnemnda tok rapporten til vitende.

Her finn du relevante saksdokument om økonomirapport prosjektmidlar.

Volda kommune har hatt samarbeidsavtale med Ålesund på område for arbeidsgjevarkontroll sidan mai 2012.

På grunn av kommunereforma vert det no lagt fram nytt avtaleforslag for alle kommunane som var med i den gamle avtalen.

I statsbudsjettet for 2020 har regjeringa foreslått at skatteinnkrevinga vert overført frå kommunane til staten frå 1. juni neste år. Dette inneber også funksjonen for arbeidsgjevarkontroll.

Fellesnemnda godkjende samrøystes forslag til avtale med Ålesund kommune som vertskommune. Avtalen vert tidsavgrensa fram til skatteinnkrevinga og arbeidsgjevarkontrollfunksjonen vert overført frå kommunane til staten.

Her finn du relevante saksdokument om interkommunalt samarbeid om arbeidsgjevarkontroll.

Status som Fairtrade-kommune er noko kvar einskild kommune har i to år før ein må søkje på nytt. Den 02.10.2017 gjorde formannskapet i Volda vedtak om å søkje om fornya status. No er tida komen til å ta stilling til dette igjen.

Fellesnemnda vedtok samrøystes om at Volda kommune søkjer om fornying av status som Fairtrade-kommune.

Her finn du relevante saksdokument om søknad om framhald som Fairtrade-kommune.

Det er utarbeid samarbeidsavtale og tenesteytingsavtale med Volda kyrkjelege fellesråd.

Samarbeidsavtalen regulerer forhold knytt til samarbeidstilhøve som faste møtepunkt, økonomiplan, budsjett, mål og strategiarbeid.

Tenesteytingsavtalen regulerer forhold knytt til admnistrasjon, kyrkjegardsdrift knytt til drift og vedlikehald.

Fellesnemnda godkjende samarbeid- og tenesteytingsavtale med Volda kyrkjelege fellesråd slik dei ligg føre i saksutgreiinga.

Her finn du relevante saksdokument om samarbeidsavtale mellom Volda kommune og Volda kyrkjelege fellesråd.

Handlingsprogrammet for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv skal reviderast og er no under arbeid. 

Handlingsprogrammet utgjer ein føresetnad for at lag/organisasjonar/kommunen kan søkje om tilskot frå den statlege spelemiddelordninga.

Forslaget til handlingsprogram som omfattar tiltak/anlegg i nye Volda kommune skal i første omgang sendast på offentleg ettersyn og er utarbeidd på basis av gjeldane handlingsprogram i Hornindal og Volda kommunar samt på bakgrunn av nye innspel frå lag og organisasjonar.

I handsaminga av denne saka reiste Randi Langlo spørsmål om ho var ugild, ettersom ho er styreleiar ved Hornindal skisenter. Ho vart samrøystes erklært ugild og tredde ifrå bordet.

Fellesnemnda vedtok samrøystes at handlingsprogram for
”Kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og
nærmiljø 2020″  vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Vidare vedtok Fellesnemnda at andre registrerte anlegg, jf. liste nemnt i saksutgreiinga, er prioriterte idretts- og frluftslivs-anlegg som kan få plass i handlingsprogrammet og  ha prioritet ved seinare rulleringar, og i nye søknadsrunder for spelemiddelordninga etter kvart som dei er klargjort for søknad og har tilfredsstillande planar for finansiering og drift.

Handlingsprogrammet skal ligge ute til offentleg ettersyn i 4 veker og skal endeleg godkjennast av kommunestyret for nye Volda når innspel og endringsframlegg er vurderte.

Her finn du relevante saksdokument om kommunedelplan for idrett, fysiske aktivitet og friluftsliv.

Sande kommune har saman med Volda kommune vedtatt ei intensjonsavtale den 19.03.19 om å slutte seg til det interkommunale barnevernssamarbeidet på søre Sunnmøre.

Det er laga ei samarbeidsavtale for 2019 som omhandar prosessen for førebuing, og med siktemål på at Sande kommune deltek i det interkommunale samarbeidet.

Det har vore drøfta om ein skulle endre kostnadsfordelingsmodellen.

Ordførarane og rådmennene i samarbeidskommunane drøfta seg fram til at ein held fram med noverande kostnadsfordeling basert på barnetal, og at ein heller får kome attende til eventuell ny vurdering etter ein gjennomgang av kostnadsfordelinga for alle dei interkommunale samarbeida på søre Sunnmøre.

Overføring av fagpersonar frå Sande kommune vil styrke det samla faglege miljøet ved det interkommunale kontoret. Dei tilsette har lokalkunnskap som også vil kome det faglege arbeidet til gode.

Fellesnemnda godkjente samrøystes den reviderte samarbeidsavtalen om regionalt barnevernsamarbeid mellom Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta der også Sande vert med som samarbeidskommune frå 01.01.2020. Volda er vertskommune.

Samarbeidskommunane under leiing av vertskommunen gjennomfører ei kartlegging av kostnader og tenestekvalitet, og skal ut frå dette grunnlaget vurdere kva som kan bedrast og kva som fungerer godt. Frist for dette vert satt til 01.08.21.

Her finn du relevante sakdokument om interkommunalt barnevernsamarbeid.

Det skal i samband med kommunesamanslåinga fastsettast retningsliner for grendeutvala i «nye» Volda. Grendeutvala er eit viktig høyringsorgan i saker som gjeld, eller får konsekvensar for, grendene i Volda kommune.

I tillegg er grendeutvala ein viktig samarbeidspartnar i kommunen sin beredskap.

Administrasjonen føreslår at grendeutvala er tufta på frivillig innsats, slik at utvala ikkje vert forplikta av krav til forretningsorden og saksprosedyre for kommunale organ jfr. Kommuneloven.

Fellesnemnda vedtok samrøystes at retningslinene for grendeutval i Volda kommune slik som skildra i vedlegget, med følgjande endring for punkt 1:

«Bygdemøtet/årsmøtet i den einskilde krins/bygd nemner sjølve opp grendeutval. Bygdemøtet/årsmøtet innstiller om kva grunnkrinsar som grendeutvalet skal representere, men slik at alle grunnkrinsar er representert om mogleg. Kvart grendeutval bør ha 3-7 medlemer aukande med folketalet i krinsane/bygda. Det er opp til det enkelte grendeutvalet om dei vil oppnemne varamedlemer. Medlemer og varamedlemer i kommunestyret kan vere medlemer i grendeutvala. Bygdamøtet/årsmøtet melder inn namna på medlemmer i sitt grendeutval til kommunestyret til orientering.»

Her finn du relevante saksdokument om retningsliner for grendeutvala i Volda kommune.

Etter kommunesamanslåinga 01.01.2020 kan ikkje dagens eksisterende fellesråd som Forliksråd mellom Hornindal og Stryn vidareførast. Det fordi nye Volda og Stryn kommune vil tilhøyre ulike namsmannsdistrikt – hhv. namsmannen i Indre Sunnmøre og namsmannen i Nordfjord.

Det er namsmannen som er sekretariat for forliksrådene i sitt område, jfr. domstolloven § 27.

Rådmannen tilrår at Fellesnemnda vedtek å etablere nytt Forliksråd for (Nye) Volda.

Fellesnemnda vedtok å etablere nytt Forliksråd for (Nye) Volda.

Som medlemer/varamedlemer for det nye forliksrådet vedtok Fellesnemnda at dei valde medlemmene for forliksrådet i Volda held fram i det nye Forliksrådet ut resten av valperioden (ut 2020):

Medlemar:

  1. Petter Espe (formann)
  2. Torill Rødven Eide
  3. Håvard Strand

Vara:

  1. Magnar Sunde
  2. Gudrun Solstad Tokle
  3. Rebecca Riise Bjerknes

Her finn du relevante saksdokument om forliksråd i nye Volda kommune.

I samband med kommunesamanslåinga mellom Volda og Hornindal kommunar, vil ikkje tidlegare målvedtak vere gjeldande og det er soleis naudsynt at kommunestyret tek stilling til om ein skal gjere eit nytt målvedtak.

Ei samrøystes Fellesnemnd vedtok at Volda kommune skal vere nynorsk etter mållova, og at Volda kommune skal nytte nynorsk som administrasjonsspråk.

Her finn du relevante saksdokument om val av målform i samband med kommunesamanslåinga.

Det har vorte føreslått at det vert arrangert ei markering for kommunestyra i Hornindal, Volda og «nye» Volda for å avslutte dei to kommunane – og starte den nye kommunen.

Fellesnemnda vedtok samrøystes at det vert arrangert ein slik fest den 19. desember i etterkant av kommunestyremøtet.

Her finn du relevante saksdokument om markering overgang til ny kommune.